Vi har valt ut vårt Gnist-team !

Vi har valt ut vårt Gnist-team !

 

Vanylven kommune har ilag med 10 andre kommunar blitt valt ut som Gnist-kommune. Det var DOGA, Nordic Edge og Distriktssenteret som stod for utveljelsen i tett samråd med fylkeskommunane, som også bidreg med finansiering og støtte til dei utvalde kommunane.

Vanylven har fått hjelp frå DOGA (Design og Arkitekt Norge) til få den rette design- og arkitekturkompetansen, og anna relevant kompetanse, for å avdekke moglegheiter og ressursar, og drive fram nyskapande og berekraftige løysingar på viktige utfordringar.

    
No har vi i samband med DOGA valt ut Blåmyra og Nordplan til vårt kompetanseteam
.
Blåmyra og Nordplan vil no hjelpe oss med å utforske kva slags synergiar vi kan få frå ei so stor investering som skipstunnelen kan skape. Blåmyra/Nordplan gir oss eit tverrfagleg team med sterk lokal forankring og ekstra ressursar gjennom Nordplan med fleire avdelingskontor i regionen. Blåmyra tilbyr kompetanse innan merkevarebygging, historieforteljing, visualisering og stadsidentitet. Nordplan vil tilby tverrfagleg kompetanse særleg innan stadsutvikling, landskapsarkitektur og arkitektur. I tillegg, har Blåmyra tidlegare jobba med Vanylven på ulike prosjekt som kommuneplan og merkevareplattform som gir god kjennskap til staden.