Vi tek i bruk varslingssystemet Varsling 24 for å nå fram til alle innbyggjarane våre via SMS

Vi tek i bruk varslingssystemet Varsling 24 for å nå fram til alle innbyggjarane våre via SMS

   Vanylven kommune har no teke i bruk eit nytt varslingssystem via SMS då vi ser dette nødvendig etter situasjonen vi no er i. 
Desse digitale henvendingane er hensiktsmessige der det kan vere vassavstengning, stengte vegar, evakuering, generelle servicemeldingar eller andre forhold som krever rask informasjon.

Korleis finner vi deg?
Det blir nytta tre ulike register for å nå ut med informasjon til deg:

  1. Privatpersonar:
    Kontaktinformasjon blir henta fra Kontakt- og reservasjonsregisteret til Difi. Vi anbefala deg å legge inn ditt mobiltelefonnummer og din epostadresse i dette felles nasjonale kontaktregisteret. Dei fleste henvendingar fra det offentlege vil hente kontaktinformasjonen herfra, for eksempel angåande sjølvangivinga. Oppdatering utførast her: https://www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon 
  2. Bedrifter:
    Ved varsling av bedrifter blir bedriften som tilhøyre adressa varslet med bakgrunn i oppføring i Enhetsregisteret. Kontaktdata for bedrifter blir hentet fra Altinn. Bedrifter med fleire adresser bør registrere desse som underenhet hos Brønnøysundregistera: https://www.brreg.no/bedrift/virksomhet/
  3. Tilleggsregister:
    Tilleggsregister kan du nyte dersom du ønsker å motta varsler for ei bedrift eller for ei adresse som du ikkje er registrert med bustadsadresse på. Sjå https://varslemeg.no/

Har du ikkje blitt varsla?
1) Er du folkeregistrert på di adresse? https://www.skatteetaten.no/person/folkeregister
2) Har du oppdatert din elektroniske kontaktinformasjon? https://www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon

Kva kan du gjere?
Oppdater dine opplysninger og meld alltid flytting til Folkeregisteret.

Bur du på ein anna stad enn der du er folkeregistrert kan du registrere ditt telefonnummer på di adresse i vårt Tilleggsregister. Hugs å endre dersom du flyttar. Tilleggsregisteret er
konfidensielt og nyttast kun av di kommune.

Registrer ditt telefonnummer i kommunen sitt tilleggsregister her: https://www.varslemeg.no
Velg Tilleggsoppføring – Legg til ditt telefonnummer (velg Privat)

 

Korleis går varslinga føre seg?

Meldinga sendast som SMS til mobiltelefonar, epost og en automatisert talemelding til fasttelefon. Talemelding lesast inn som "tekst til tale". På slutten av meldinga blir du bedt om å taste: 1 - for å bekrefte at du har oppfattet meldingen 9 - dersom du ønsker å høre meldingen en gang til.

 

Er mitt mobilnummer registrert?

Vi sender varsling til alle som er folkeregistrert på ei berørt adresse i Folkeregisteret og henter dine kontaktopplysninger fra Difis kontaktregister. So lenge du har registrert dine kontaktopplysningar i Difis kontaktregister/Altinn vil du bli varslet. 

Di oppføring kan du sjekke ved å logge deg inn her: https://www.norge.no/nb/oppdater-kontaktinformasjon

 

Eg har hemmeleg nummer. Blir eg varsla?

Varsling 24 varslar ikkje hemmelege nummer. Dersom du allikevel ønsker å få varsel frå di kommune, gjer du ei tilleggsoppføring på varslemeg.no. Kryss av for "hemmeleg nummer".

 

Korleis får eg varsel for ei anna adresse enn mi bustadsadresse?

varslemeg.no kan du legge inn tilleggsadresser som du ønsker varsel for. Dette kan gjelde barn i studentbolig, dine foreldres bolig eller en fritidseigedom. Slik gjer du:

  • Under "Tilleggsoppføring" klikker du "Legg til ditt telefonnummer".
  • Skriv inn ditt mobilnummer og klikk "Send".
  • Du mottek ei kode på SMS, som du brukar for å logge deg inn.
  • Her kan du legge til andre adresser du vil få varsel for. Navn = den som bur på adressa du registrerar.

 

Eg bur i burettslag/blokk/sameige. Blir alle på mi adresse varsla?

Alle einingar i eit burettslag eller sameige blir varsla dersom du er registrert i «kontaktregister for offentlig forvaltning».

Korleis kan eg sjå kva slags adresser eg mottek varsel for?

På varslemeg.no kan du sjekke andre varslingsadresser som er oppført på ditt mobilnummer, utover di offisielle bustadsadresse som du er registret med i «kontaktregister for offentlig forvalting». Slik gjer du:

  • Under "Tilleggsoppføring" klikkar du "Legg til ditt telefonnummer".
  • Skriv inn ditt mobilnummer og klikk "Send".
  • Du mottek ei kode på sms, som du brukar for logge deg inn. Her ser du lista over adresser som er registrert på ditt mobilnummer.
  • Her kan du også slette adresse eller legge til fleire.