Vil du hjelpe dei ukrainske flyktningane ?

Vil du hjelpe dei ukrainske flyktningane ?

     

Innbyggjarar i Vanylven kommune har vist eit stort engasjement når det gjeld å ville hjelpe dei ukrainske flyktningane som kan kome til kommunen. Vi vil takke alle som har brukt skjema for innmelding av ledige bustadar i Vanylven.

Vanylven er rusta til å ta imot 15 flyktningar der inntil 40% vil vere born. Vi har derfor utarbeida eit skjema som kan kartlegge kor mykje tid innbyggjarar i Vanylven har til å hjelpe flyktningane som kjem til kommunen.

Ved å melde di interesse er du ikkje forplikta til å arbeide frivilleg, men det er veldig viktig for kommunen å ha ei slik oversikt når vi skal hjelpe flyktningane som kjem. Når kommunen mottek flyktningane vil vi kartlegge kor mykje hjelp vi treng, og vil då kontakte dei personane ein treng til det frivillige arbeidet.

Skjema for utfylling finn du her