Viltpåkøyrsel og utdeling av viltband i Vanylven

Viltpåkøyrsel og utdeling av viltband i Vanylven

Visste du at kvar time i døgnet, rundt i heile Noreg, blir eit hjortevilt påkøyrt ? Dei fleste viltpåkøyrslane skjer frå oktober til desember.

Lars Herman Hermansen med Ettersøkshundene Heddie og Lotta John Sindre Kragset

I Vanylven har det dei siste 4 åra vore ei stor auke i påkøyrsel av hjort langs vegane, sjå tabellen under:

Viltpåkøyrsel
Vanylven Kommune  2020 2021 2022 2023
Påkøyrt av motorkøyretøy 22 24 26 34
Sjukdom og skade 2 5 3 7
Felt av sikkerheitshensyn 0 0 1 0
Andre årsaker 1 3 3 4
Sum totalt 25 32 33 45

Veit du kva du skal gjere om uhell rammar deg ?

Rin​g politiet og merk​ åstaden

Eksempel på markering av skadeplass John Sindre Kragset

Noko av det første du må gjere er å ringe politiet på 02800. Dei vil vidare ta kontakt med den offentlege ettersøksekvipasjen, som igjen vil ta kontakt med deg om det er behov for det. Du skal alltid melde frå dersom dyret er dødt eller skada, men også dersom du er usikker på om du trefte noko. 

Ettersøksekvipasjen får ofte diffuse meldingar om kvar dyr blir påkøyrt. Dermed er det ofte vanskeleg å finne sporstarten til det aktuelle viltet. Det gjeld særleg når dyr har fått skadar, stikk frå skadestaden og blir liggande ein annan stad og lide. Har du ikkje anledning til å vente på åstaden til ettersøksekvipasjen dukkar opp, er det viktig at du merker ein busk på staden med ein plastpose eller eit gult band.

Ettersøksekvipasjen

Den kommunale ettersøksekvipasjen i Vanylven bruker ofte mykje tid på og finne nøyaktig kvar påkøyrselen har skjedd dersom bilførar er dratt frå staden. Det er veldig viktig for ekvipasjen at dei har ein nøyaktig startplass med tanke på kva spor dei skal sette hundane på. Ofte går det mykje hjortevilt over vegen i same område. Dersom det påkøyrde dyret ikkje har store skadar er det vanskeleg for hunden å vete kva hjort den skal gå etter. Hundane er godt trena til og følje bestemte dyr dei blir satt på sporet av og difor er merking av plass veldig viktig.

Bandet kan enkelt festes i en busk John Sindre Kragset

Utsending av Viltband i Vanylven

For å hjelpe ettersøksekvipasjen så har kommunen fått inn viltband som vil bli levert ut i alle postkasser i Vanylven i veke 37. Dei vil og vere tilgjengelege på Servicetorget og på daglegvarebutikkane i Vanylven frå veke 37.

Viltbandet skal gje informasjon om kva du skal gjere dersom du køyrer på eit dyr, samt at det skal vere med på å redusere risikoen for viltpåkøyrsler.                                                                                       

 

Det er veldig viktig i tre samanhengar:

  • På viltbandet finn du god informasjon om farane rundt viltpåkøyrsel og korleis du kan redusere risikoen for å hamne i ei ulukke.
  • Bandet gir også informasjon om kva du skal gjere dersom du er uheldig å køyre på eit dyr.
  • Bandet skal brukast til å merke staden der dyret vart påkøyrt eller treft. Dette gjer jobben enklare for viltnemnda, som soleis får redusert dyret si liding.