Korleis spare straum? - Gratis klima- og energirådgiving til bustadeigarar Vanylven kommune tilbyr no gratis klima- og energirådgiving til innbyggarane sine. Kva kan eg få hjelp til ? Energianalyse av bustaden din på nett. Søk opp bustaden din på energiportalen.no. Digital synfaring med energirådgivar. Registrer deg for rådgivingstime. Rådgivinga skal bidra til at bustadeigarar bruker energi meir effektivt og klimavenleg. Og i større grad bruke lokale fornybar energikjelder som til dømes solenergi. I tillegg skal bustadeigarar få gode råd om ladeløysingar for elbil og støtteordningar. – Tilbodet er ein del av arbeidet til kommunen med klima og energi. Vi skal bidra til kunnskapsbygging og legge til rette for at innbyggarar skal kunne ta klimavenlege val, seier teknisk sjef Helge Kleppe Gratis og uforpliktande klima- og energirådgiving Vanylven kommune gjennomfører frå 19. september 2022 ein klima- og energirådgivingskampanje retta mot hushaldningar. Hensikta er å motivere bustadeigarar til å redusere energibruken i eigen bustad og ta klimavenlege val. Dette kan du gjere ved å bruke energiportalen.no (på nett) og tilbod om digital synfaring med ein objektiv energirådgivar. Du kan mellom anna få råd om: Elbillading Etterisolere veggar og tak Bytte vindauge og dører Installere varmepumpe eller solceller Smart-styring Alternative energikjelder Støtteordningar frå Enova Energianalyse på nett Verktøyet Energiportalen gjer det mogeleg med objektiv nettbasert energianalyse av bustaden din. Gå til energiportalen.no og søk opp bustaden din. Du får rettleiing til korleis denne skal brukast. Synfaring med energirådgivar Du kan avtale ei synfaring med ein energirådgivar, som kan hjelpe deg med smarte klima- og energiløysingar tilpassa bustaden og økonomien din. Dette er eit avgrensa tilbod. Gå til kalenderen for å finne ledige tider. Kampanjen er finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune og leveres i samarbeid med kommunane i fylket. Tenestene og rådgivinga er levert av Simenergi AS og EEFFY AS. Sist endra 26.09.2022 23:45
Hugs å søk barnehageplass 2025-2026 - frist 1.mars Alle som ynskjer barnehageplass, endring av plass eller overflytting til anna barnehage i Vanylven kommune, må søkje innan fristen 1. mars 2025.
Steinskred på Takset Vanylven kommune har i dag hatt geolog frå Norconsult i rasområdet - dette for å vurdere risiko for ytterlegare ras og eventuelle konsekvensar av nye ...
Jordras på Eidså - 25.01.2025 Det har i dag gått eit jordras på Takset i Vanylven kommune og nedanfor jordraset er det busetnad.
Oversikt over pågåande arbeid i Vanylven kommune Vanylven kommune har ei dataløysing slik at vi har ei administrativ oversikt og kontroll over oppgåver, som ikkje er å sjå på som ordinær drift. Dette ...
Kraft i Vanylven Etter presentasjon av regjeringa sin NOU 2023: 3 Mer av alt – raskere –Energikommisjonens rapport kom 01.02.2023 har Vanylven kommune arrangert to ene...
"Fly inn - fly ut" Vil du jobbe som lege, sykepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar i Vanylven kommune?
Slik styrkar du eigenberedskapen din Myndigheitene anbefaler at flest mogleg skal kunne klare seg sjølv i ei veke om det skjer ei krise.
Nærtenestesenter i Vanylven kommune Vanylven kommune har gleda av å informere dei tilsette om at vi har blitt valt ut som ein av pilotkommunane i eit tre-årig prosjekt, Nærtenestesenter. ...
Informasjonspakke Helseplattformen veke 25 - Plattformdagane Sju veker med full drift av Helseplattformen er gjennomført, og status for drifta er god. Vi opplever lite problem i drifta, og det er lite som vert i...