Influensavaksinering - tysdag 22.10 og 29.10

Influensavaksinering - tysdag 22.10 og 29.10

Influensavaksinering blir på kommunestyresalen tysdag den 22.10. og 29.10.
Kl 09-13 for Fiskå, Eidså og rundt Hovda Kl 13-15 for Åheim, Syvde, Rovde og områda rundt Kl 15-17 for heile Vanylven

Pixabay.com

Det blir også moglegheit for koronavaksinering på same tidspunkt.

Vaksinasjon kostar 250,- (vipps eller kontant)

Følgjande grupper bør ta influensavaksine:

   •    Beboarar i omsorgsbustader
   •    Alle frå fylte 65 år
   •    Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med anna tilleggsrisiko skal òg få tilbod om influensavaksine
   •    Prematurt fødde barn, særleg barn fødde før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader (kronologisk alder) til 5 år
   •    Barn og vaksne med:
   •    kronisk lungesjukdom (inkludert astma),
   •    hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk),
   •    diabetes type 1 og 2
   •    leversvikt eller nyresvikt
   •    kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med redusert lungekapasitet og/eller hostekraft
   •    redusert immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (t.d. organtransplanterte, kreft, HIV, revmatoid artritt og andre sjukdomar)
   •    svært alvorleg fedme (KMI over 40)
   •    anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege (t.d. personar med medfødde kromosomavvik, genetiske syndrom og samansette kromosomavvik som ikkje er klassifisert andre stader)
   •    Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesta som har nær kontakt med pasientar ved behandling eller pleie
   •    Personar som bur saman med (eller er tilsvarande nære) immunsupprimerte
   •    Svinerøktarar og andre som har jamleg kontakt med levande grisar
   •    Saneringspersonell og andre som jobbar med mistenkt eller stadfesta influensasjuk tamfugl.