Informasjon til innbyggjar

Informasjon til innbyggjar

Helseplattformen er no gjeldande for heile Helse og omsorg-sektoren i Vanylven kommune. Men kva har det å sei for deg som innbyggar?

 

 

 

 

 

Som pasient har du no lettare tilgang til din helseinformasjon. Systema som brukast blant anna på legekontoret, omsorgssenteret og sjukehuset snakkar no betre saman samtidig som du har innsikt i eigen journal.

Det du må gjere for å få tilgang er å laste ned appen Helsa Mi. Der får du tilgang til det du skal ha om din journal, i tillegg til andre funksjonar, som for eksempel oversikt over dine legebesøk og kommande timar.

Når du har lasta ned og logga inn i appen er noko av det første du må gjere å oppdatere personopplysingar og legge til pårørandeinformasjon.

For meir informasjon om korleis du som innbyggar kan nytte Helseplattformen kan du besøke nettsida HelsaMi - Helseplattformen AS.