Informasjonspakke Helseplattformen veke 25 - Plattformdagane

Informasjonspakke Helseplattformen veke 25 - Plattformdagane

Sju veker med full drift av Helseplattformen er gjennomført, og status for drifta er god. Vi opplever lite problem i drifta, og det er lite som vert innrapportert av problem og feil i systema.

Infopakke Helseplattformen veke 25 (PDF, 905 kB)

Innhald:

  1. Overordna status
  2. Plan vidare
  3. Vanylven HP i fokus 

Vanylven på Plattformdagene

Vanylven kommune deltok på Plattformdagane som EHIN arrangerte i Trondheim 4. og 5. juni 2024. Her var kommuneoverlegen og kommunedirektøren invitert for å fortelle om tenestereise til kommunen for innføring av Helseplattformen for kommunehelsetenesta samt Helseplattformen sin fastlegepilot.

Kommunedirektøren innleia den digitale historiefortellinga frå Vanylven kommune, som starta med digitalisering gjennom fiberutbygging; deretter utflytting av fagapplikasjonane på skya og ikkje minst reisa det siste året som er gjort for å flytte helse- og omsorgstenstene til Helseplattformen.

Kommuneoverlegen hadde deretter eit innlegg om innføring av fastlegepiloten, med dei fordelane som denne løysinga gir for våre innbyggjarar og ikkje minst kor viktig det er å vere operativ med eit nytt system når eldrebølgja kjem til Vanylven. Fastlegepiloten sikrar nå at legane, ambulansetenesta, sjukehusa, institusjonane og helsetenestene alle har den same digitale journalen om innbyggjarar som treng helsehjelp. 

Vanylven får ros og kommunedirektøren var på NRK

Kommunen fekk mykje ros og gode tilbakemeldingar på våre bidrag i Trondheim desse dagane. Kommunedirektøren var også intervjua på NRK Møre og Romsdal 5. juni 2024, der vi på nytt utrykte takknemlegheit for å kunne vere den først kommunen i Norge – og ein av få plassar i verda – der vi no har «ein innbyggjar – ein journal». Vidare viste vi forståing for den situasjonen som sjukehusa står i, der Helseplattformen skulle erstatte 80 digitale løysingar.

Vanylven kommune er no også representert i samarbeidsrådet for Helseplattformen, der kommunedirektøren er innvald og kommunedirektøren var på sitt første møte 7. juni 2024 – der mellom anna utvikling av Helseplattformen vidare var drøfta. Det var her vist til at i løpet av 2024, så vil 75 % av befolkninga vere med i Helseplattformen. 

Trykk her for å høyre intervjuet på NRK.