Klimaarbeid - digitalt klimarekneskap frå Asplan Viak

Klimaarbeid - digitalt klimarekneskap frå Asplan Viak

Vanylven kommune publiserer i dag klimarekneskapen for 2024 digitalt. Denne er utarbeidd av Asplan Viak, der kommunen har eit klimaavtrykk på 3 112 tonn CO2e:

Klimarekneskapen 2024 - kommuneorganisasjonen

Kommunedirektøren viser til at kommunen har eit ansvar for å sikre at både organisasjonen og lokalsamfunnet tek ansvar knytt til klima- og miljøarbeid.  Då er det viktig med eit godt kunnskapsgrunnlag, i tillegg til det som Miljødirektoratet publiserer for Vanylven som lokalsamfunn, der lokalsamfunnet har eit klimaavtrykk på 24 185 tonn CO2e:

Klimarekneskapen 2024 – kommunen som lokalsamfunn

Dersom det blir justert for utslepp og opptak frå skog og arealbruk, som for Vanylven kommune gir nettopptak av CO2e på 5 048 tonn CO2e, så gir dette eit nettoutslepp for kommunen som lokalsamfunn på 19 137 tonn CO2e i 2024:

Utslepp og opptak frå skog og arealbruk

Kommunen må ta eit ansvar for å setje både mål og tiltak for å redusere klimaavtrykket vårt, og det blir her vist til kommunen sin klimaplan frå 2019, som har følgjande målsetjing:

  • 12% reduksjon av dei totale klimagassutsleppa (CO2- ekv) innan 2022
  • 25% reduksjon av dei totale klimagassutsleppa (CO2- ekv) innan 2026
  • 40% reduksjon av dei totale klimagassutsleppa (CO2- ekv) innan 2030

Dersom vi ser på målsetjing i høve til klimautslepp, så bør vi nytte Miljødirektoratet sin oversikt over CO2e på Vanylven kommune som lokalsamfunn, som viser 24 185 tonn CO2e. Når kommunen i 2015 hadde 28 011,5 tonn CO2e, så er det ein nedgang på 13,7 % frå 2015-2023. Kommunen ligg litt bak målsetjing når vi ser at reduksjonen frå 2015 - 2022 var på 10,8 %.

Kommunedirektøren viser til at det er viktig å ha fokus på klima- og miljøarbeid og til at dei nasjonale forventningane til kommunen også kjem fram i rapportar og føringar frå statlege myndigheiter. Dersom vi ser på den årlege folkehelseprofilen som Folkehelseinstituttet (FHI) publiserer kvart år, så er fokuset i år klimaendringar opp i mot folkehelsa.  Kommunane blir oppmoda om å setje inn tiltak knytt til dette området, -  som er visualisert slik i høve klimaendringar og påverknad i folkehelseoversikta:

Dette samsvarar med Statsforvaltaren sitt Kommunebrev for 2025 (side 15).  Under punktet om klimaomstilling forventar Statsforvaltaren at kommunane:

  • prioriterer arbeidet med klimatilpassing og å redusere klimagassutsleppa.
  • nyttar alle innkjøp til å stimulere marknaden til sirkulærøkonomi og klimaomstilling.
  • innfører klimabudsjett eller anna styringsverktøy for å få gjennomført konkrete klimatiltak.

Klimaarbeidet og oppfølging av klimaplanen ligg under teknisk sektor, både som hovudansvarleg og i høve rullering av klimaplanen i samsvar med planstrategien. Men heile kommuneorganisasjonen må ta eit ansvar for dette området.

Dersom vi ser på målsetjing i høve til klimautslepp, så bør vi nytte Miljødirektoratet sin oversikt over CO2e på Vanylven kommune som samfunn.  Oversikta viser 24 184,5 tonn CO2e og når vi i 2015 hadde 28 011,5 tonn CO2e,  så er det ein nedgang på 13,7 % frå 2015-2023.  Kommunen ligg litt bak målsetjinga, i og med at reduksjonen frå 2015 - 2022 var på 10,8 %. Kommunedirektøren vil for ordens skuld vise til at vi i klimaplanen nyttar tal frå SSB, medan kommunedirektøren her samanliknar med tal frå Miljødirektoratet.  Dersom vi gjer fråtrekk for utslepp og opptak frå skog og arealbruk, som netto er eit fråtrekk på 5 048 tonn CO2e,  så har kommunen i 2024 eit utslepp på 19 137 tonn CO2e.   Korleis vi kan  påverke klimautslepp som samfunn  må gjerast ved arbeid knytt til planlegging, haldningsskapande arbeid samt leggje til rette og stimulere for at innbyggjarane og næringslivet kan redusere sine utslepp.

Vi må i tillegg sjå på klimautslepp som Vanylven kommune har som organisasjon. På dette området er det vanskelegare å finne offisielle tal, og kommunen har difor fått ei klimakostanalyse frå Asplan Viak.  Denne analysen danna grunnlag for Klimarekneskap og klimabudsjett  - som var lagt ut på våre nettsider 2024. I den nye analysen som Asplan Viak har gjort i 2025, og som er publisert i dag,  har kommunen eit utslepp på 3 112 tonn CO2e. Dette er ein reduksjon frå 4 347 tonn CO2e i 2023 når det gjeld kommuneorganisasjonen, som svarar til ein 28,4 % reduksjon.

Kommunedirektøren vil til slutt ynskje alle innbyggjarar, tilsette, næringsliv og politikarar god påske.

 

Andreas Christian Nørve
kommunedirektør