Vanylven kommune har i dag hatt geolog frå Norconsult i rasområdet - dette for å vurdere risiko for ytterlegare ras og eventuelle konsekvensar av nye ras i området.
Torgeir Sandøy
Geologen rapporterer tilbake til kommunen at det ikkje er eit jordskred, men eit steinskred som har gått på Takset. Vidare at det må kunne forventast at ein del stein kan bli sett i rørsle igjen, særleg dersom det på nytt kjem mykje nedbør. Men nye skred vil høgst truleg stoppe i ur og det er ikkje sannsynleg at skredmassar som blir remobilisert kan få nok energi til å no fram til dagens busetnad.
Norconsult vil på vegner av kommunen vurdere om og eventuelt korleis kommunen bør følgje opp saka vidare.
- kommunedirektøren -
Publisert 26.01.2025 21:30