TV-aksjonen: Vil du vere bøsseberar?

TV-aksjonen: Vil du vere bøsseberar?

Årets TV-aksjon går til Barnekreftforeininga, som skal etablere familiehus ved universitetssjukehusa i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo. Her kan barn med alvorleg sjukdom og familien deira bu saman medan barnet får behandling.

I år går TV-aksjonen av stabelen søndag 20.oktober.

Irma Moen, Paul Sindre Vedeld og Ane Malene Nygård frå kommunekomiteen

Familiehusa vil gjere at

  • familiar unngår å bli splitta sjølv om dei bur langt unna sjukehuset.
  • barn med alvorleg sjukdom får ha heile familien hos seg i behandlingsperioden.
  • foreldra kan ta vare på alle barna sine, seg sjølv og kvarandre.
  • søsken blir inkluderte, sette og ivaretekne.
  • familiar kan finne ro og få leve eit meir normalt kvardagsliv i ein vanskeleg situasjon.

 

Ynskjer du å vere bøsseberar søndag 20. oktober? Meld deg inn til postmottak@vanylven.kommune.no eller ring servicetorget på 700 30 000.  Frist for å melde seg er onsdag 16.oktober.

 

Har du lyst å gi til TV-aksjonen allereie no?

Gi her

Eller vipps til 2133