Kva består din jobb i ? Sjukepleiar. Arbeidsoppgåvene mine er alt frå medikamenthåndtering, matlaging, pleie og omsorg, til koordinering og kontorarbeid. Arbeidskvardagen er variert og det er alltid noko å gjere på.
Ansatt i Vanylven sidan : 2014
Kva er den mest spesielle arbeidsdagen du har hatt ? Kvar dag er spesiell! Særleg dagane ute i heimesjukepleia er fine. Då får eg møte pasientar i alle livssituasjonar, gamle og unge. Det å treffe pasienten i sin eigen heim er spesielt. Det å sjå at våre besøk bidreg til at pasienten får vere heime lenger, er noko er set høgt i min jobb. Eg er opptatt av livskvalitet og meistring hos pasientane mine.
Kva er det beste med å jobbe i Vanylven kommune? Nærleiken til fjord og fjell, og familien!
Kva er det verste med å jobbe i Vanylven kommune? Det kan til tider vere utfordrande at alle kjenner alle.
Om du var ordførar for ein dag, kva ville du gjort? Sett i gang bygging av Rovdefjordbrua!