Fredagspraten med Oddvin Aarskog

Fredagspraten med Oddvin Aarskog

 Namn:
Oddvin Aarskog

Kvar jobbar du ?
Teknisk sektor ved kart og oppmåling

Kva består din jobb i ?

Eg er avdelingsingeniør ved kart og oppmåling. Jobben min består av ajourføring og tilrettelegging av digitale kart og planar i kommunen, gjennomføring av delingssaker og oppmålingssaker, og i tillegg er eg og Elling mykje ute i felt.

Akkurat no er vi inne i ein prosess der mykje av tenestane vi tilbyr skal digitaliserast slik at det blir lettare for innbygjarane å nytte seg av desse. Eg syns dette er utruleg spennande å få vere med på tilrettelegginga for innbyggjarane. Framover no vil ein kunne nytte seg meir av e-Torg, digitalt plan- og arkiv system og mykje oppdatert digital saksbehandling innan teknisk.

Ansatt i Vanylven sidan :

 2006

Kva er den mest spesielle arbeidsdagen du har hatt ?

Eg må sei det var vemodigt når min gode kollega Gisle pensjonerte seg. Vi hadde eit veldig godt samarbeid.

Og i tillegg var det utruleg kjekt den dagen han Elling Flister starta i kommunen. Han er ein oppkvikkar å ha med seg på laget, og eg ser fram til vidare samarbeid. Eg meinar det er viktig å sleppe til dei unge.

Kva er det beste med å jobbe i Vanylven kommune ?

Samhaldet på teknisk sektor vil eg sei er det beste. Vi har godt arbeidsmiljø, og vi trivst godt ilag med kvarandre.

Kva er det verste med å jobbe i Vanylven kommune ?

Det verste må vere det at vi har mangel på ressursar i kommunen. Eg kjenner på at vi ikkje strekker over alle område som vi burde, noko som igjen går utover tenestene vi tilbyr. Sidan vi er så få ansatte får vi heller ikkje spesialisert oss på det fagområdet som vi er ansatt til.  

Om du var ordførar for ein dag, kva ville du gjort ?

Tilrettelagt for betre kollektivtrafikk.