Slik styrkar du eigenberedskapen dinMyndigheitene anbefaler at flest mogleg skal kunne klare seg sjølv i ei veke om det skjer ei krise.Vi lever i ei stadig meir uroleg verd, med mellom anna klimaendringar, krig og digitale truslar. Sjølv om det meste fungerer som det skal i Noreg, må vi vere førebudde på at ekstremvêr, pandemiar, ulukker, sabotasje og – i verste fall – krigshandlingar kan ramme oss. Kommunane og naudetatane må prioritere dei som ikkje klarer seg utan hjelp i ei krise. Ivar Kvaal/DSB Sjekkliste for eigenberedskap Reint drikkevatn lagra på kanner eller flasker. Mat som toler å bli oppbevart ved romtemperatur. Grill, kokeapparat eller stormkjøken. Varme klede, pledd, dyner og soveposar. Fyrstikker og stearinlys. Ved, dersom du har vedomn eller peis. Gass- eller parafinomn som er berekna på innandørs bruk er eit alternativ til vedfyring. Avtale om overnatting dersom du ikkje har alternativ oppvarming.Lommelykter eller hovudlykter som går på batteri, sveiv eller solceller. DAB-radio som går på batteri, sveiv eller solceller. Legemiddel og førstehjelpsutstyr. Jodtablettar (gjeld barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande). Hygieneartiklar som mellom anna våtserviettar, handsprit, bleier, dopapir og menstruasjonsprodukt. Batteri og fullada batteribank. Litt kontantar og fleire betalingskort. Mat og vatn til kjæledyr. Liste på papir med viktige telefonnummer som til dømes naudnummer, legevakt, veterinær, familie, vennar og naboar. Informasjon om eigenberedskap Brosjyre om eigenberedskap på ulike språk Kilde: sikkerhverdag.no Sist endra 14.11.2024 13:18
Kulturprisvinnar 2024 Bente Sundnes! Måndag 16.desember delte Vanylven kommune og Sparebanken Møre ut årets kulturpris til Bente Sundnes.
Deltakarrekord på utvida samarbeidsmøte i Helsefellesskapet Samarbeid og helsetenester for skrøpelege eldre, samt økonomi og prioriteringar i sjukehus og kommunar, var tema då helsefellesskapet sette deltakarre...
"Fly inn - fly ut" Vil du jobbe som lege, sykepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar i Vanylven kommune?
Ny sorteringsguide tilgjengeleg for innbyggjarane i Vanylven kommune Vanylven kommune har no laga ein sorteringsguide for innbyggjarane. Denne guiden vil vere til hjelp for å sortere avfall på ein meir effektiv og miljø...
Vanylven Frivilligsentral tilbyr matkasser til jul Vanylven frivilligsentral har fått midlar frå Sparebankstiftelsen, slik at det i år kan tilbys matkasser til jul. Matkassane inneheld varer retta mot ...
Nye faresonekart på Fiskå - frå Lisjeeide til Sighaug. Høyring til 20.12.24 Ligg huset ditt i faresone for skred på Fiskå? No er førebels rapport klar for innspel.
Telenor skal oppgradere basestasjon for mobilnett i Vanylven Telenor planlegg arbeid på ein basestasjon i Vanylven med oppstart 30.11.2024 og forventa ferdig 13.12.2024.
Gratulerer til årets kulturprisvinnar 2024, Bente Sundnes! Vi gratulerer Bente med den gjeve prisen som vert utdelt årleg, og er eit samarbeid mellom Vanylven kommune og Sparebanken Møre. Det er Livsløpsutvale...
Vi startar friluftslivets år 2025 med 409 Stikk UT!-vinterturmål 1. desember brakar det laust med ny vintersesong for Stikk UT! der ein kan velgje mellom 154 skiturar og 255 fotturar.
Fordelinga av LAM midlar Vanylven Idrettsråd fekk 210 275 kr til fordeling. Idrettsrådet fordeler midlane til idrettslaga i sin kommune etter tildelingskriterier vedtatt på År...