Er du førebudd på å klare deg ei veke heime?Eigenberedskapen din er viktig. Sjå kva du alltid bør ha i heimen din.Myndigheitene anbefaler at flest mogleg skal kunne klare seg sjølv i ei veke om det skjer ei krise.Her finn du informasjon om korleis du kan styrke eigenberedskapen din. Der finn du blant anna ei sjekkliste over kva du alltid bør ha i heimen.Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) anbefaler alle husstandar i Noreg å ta nokre enkle grep for å betre eigenberedskapen sin. På sikkerhverdag.no finn du konkrete råd som DSB har utarbeidd for alle innbyggjarar. Kvifor kjem eigenberedskapsråda no?Pandemien og krigen i Europa gjer at eigenberedskap er meir aktuelt enn på lenge. Det kjem på toppen av allereie kjende utfordringar som cybertruslar og meir ekstremvêr. Dette kan føre til bortfall av kritisk infrastruktur som til dømes straum, vatn og mobilnett.Vi som bur i Noreg – eit av verdas tryggaste og mest stabile land – er vande med at det meste stort sett fungerer som det skal. Det er veldig mange tenester og funksjonar vi er avhengige av for at det skal gå rundt i det daglege utan større problem. Nettopp denne avhengigheita gjer oss sårbare.Du er ein del av beredskapen i NoregSjølv om vi lever i eit trygt land, kan uønskte hendingar oppstå også hos oss. Og dersom vi blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp.– Ved å vere førebudd bidrar du til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein eventuell krisesituasjon. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg. Sist endra 02.07.2024 12:08
Informasjon til innbyggjar Helseplattformen er no gjeldande for heile Helse og omsorg-sektoren i Vanylven kommune. Men kva har det å sei for deg som innbyggar?
Informasjonspakke veke 19 Vi er inne i andre veke med full drift av Helseplattformen i Vanylven kommune. Så langt er den overordna statusen for Helseplattformen i drift god.
Informasjonspakke veke 18 Overordna status, erfaringar så langt, planen vidare og folka i spissen. Dei fyrste erfaringane med helseplattformen er gode.
Invitasjon til deltaking i energigrupper Kunnskapsbygging energi.Vanylven kommune ynskjer å invitere engasjerte innbyggjarar i Vanylven til å melde seg til å delta i energigrupper.
Ledig vikariat som styrar ved Syvde barnehage Vanylven kommune har ledig vikariat som styrar ved Syvde barnehage. Stillinga som styrar er ledig frå 1. august 2024. Stillinga er eit års vikariat me...
Feltarbeid og fuglekartlegging frå NIBIO i Vanylven I samband med programmet for tilstandsovervåking og resultatkontroll i kulturlandskapet til jordbruket, det såkalla 3Q-programmet, skal Norsk institut...
Ledig vikariat som rektor ved Myklebust barne- og ungdomsskule Vanylven kommune har ledig vikariat som rektor på Myklebust barne- og ungdomsskule. Stillinga som rektor er ledig frå 1. august 2024. Stillinga er eit ...
1. mai brakar det laust med ny Stikk UT sesong Med heile 572 turmål i vår region er årets Stikk UT!-sesong større enn nokon gong. Stikk UT!-appen kjem i ny forbetra versjon, og for første gong kan ...
Flagging 17.mai i grendalaga Vanylven kommune vurderer å avvikle kommunal flagging på flaggdagane, dette for å spare ressursar og redusere kostnadar ved flagging. Vi kan samtidig ...