Er du førebudd på å klare deg ei veke heime?Eigenberedskapen din er viktig. Sjå kva du alltid bør ha i heimen din.Myndigheitene anbefaler at flest mogleg skal kunne klare seg sjølv i ei veke om det skjer ei krise.Her finn du informasjon om korleis du kan styrke eigenberedskapen din. Der finn du blant anna ei sjekkliste over kva du alltid bør ha i heimen.Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) anbefaler alle husstandar i Noreg å ta nokre enkle grep for å betre eigenberedskapen sin. På sikkerhverdag.no finn du konkrete råd som DSB har utarbeidd for alle innbyggjarar. Kvifor kjem eigenberedskapsråda no?Pandemien og krigen i Europa gjer at eigenberedskap er meir aktuelt enn på lenge. Det kjem på toppen av allereie kjende utfordringar som cybertruslar og meir ekstremvêr. Dette kan føre til bortfall av kritisk infrastruktur som til dømes straum, vatn og mobilnett.Vi som bur i Noreg – eit av verdas tryggaste og mest stabile land – er vande med at det meste stort sett fungerer som det skal. Det er veldig mange tenester og funksjonar vi er avhengige av for at det skal gå rundt i det daglege utan større problem. Nettopp denne avhengigheita gjer oss sårbare.Du er ein del av beredskapen i NoregSjølv om vi lever i eit trygt land, kan uønskte hendingar oppstå også hos oss. Og dersom vi blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp.– Ved å vere førebudd bidrar du til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein eventuell krisesituasjon. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg. Sist endra 02.07.2024 12:08
Alminneleg ettersyn: Formannskapet sitt framlegg på meddommarar 2025 - 2028 Formannskapet har i møte 09.04.2024 tilrådd meddommarar til Møre og Romsdal tingrett, Frostating lagmannsrett og Møre og Romsdal jordskifterett for pe...
Vanylven ynskjer å inngå avtale om dataløysing for medarbeidarsamtalar Vanylven kommune ynskjer med dette å konkurranseutsetje dataløysning for medarbeidarsamtalar, og vi har fylgjande beskriving av vårt behov:Løysinga må ...
Oppdatert informasjon ang. nattarbeid ved Åram ferjekai Oppdatert informasjon 11.04.2024:Grunna vêrforhold vil det ikkje verte nattarbeid denne veka. Det vil seie at bestillingsruta kan gå som vanleg.I sta...
Kva er ein meddommar? - Norges domstoler Ein meddommar er ein person utan juridisk utdanning som deltek i behandlinga av ei rettssak på lik linje med domstolen sine eigne dommarar (fagdommara...
Ungdomstrening kvar måndag på Vårsol Det vert arrangert ungdomstrening på Vårsol Fiskå kvar måndag fom. 08.04.24 klokka 15:00-16:00.Tilbodet er for barn og unge frå 7-10. klasse. Har du s...
Kurs i Ansvarleg vertskap 29. april Arbeidsgruppa for ansvarleg vertskap inviterer skjenkestadane på Søre Sunnmøre til kurs. Ansvarleg Vertskap er eit samarbeid mellom kommunane Hareid, ...
Vanylven kommune ønskjer å inngå avtale om innkjøpsfagleg bistand Vanylven kommune ønskjer med dette å konkurranseutsette innkjøpsfagleg bistand og opplæring, og vi har følgjande beskriving av vårt behov:Vanylven kom...
Forslag på meddommarar til tingretten, lagmannsretten og jordskifteretten Kommunestyret skal innan 1. juli 2024 velje meddommarar:4 kvinner og 4 menn til tingretten3 kvinner og 3 menn til lagmannsretten8 personar til jordski...
Planstrategi for Vanylven kommune 2024-2027 - Høyring Vanylven formannskap vedtok i sak 04/24 den 23.01.2024 at arbeidet med ny kommunal planstrategi for 2024-2027 skulle startast opp. Forslaget til plans...