Slik styrkar du eigenberedskapen dinMyndigheitene anbefaler at flest mogleg skal kunne klare seg sjølv i ei veke om det skjer ei krise.Vi lever i ei stadig meir uroleg verd, med mellom anna klimaendringar, krig og digitale truslar. Sjølv om det meste fungerer som det skal i Noreg, må vi vere førebudde på at ekstremvêr, pandemiar, ulukker, sabotasje og – i verste fall – krigshandlingar kan ramme oss. Kommunane og naudetatane må prioritere dei som ikkje klarer seg utan hjelp i ei krise. Ivar Kvaal/DSB Sjekkliste for eigenberedskap Reint drikkevatn lagra på kanner eller flasker. Mat som toler å bli oppbevart ved romtemperatur. Grill, kokeapparat eller stormkjøken. Varme klede, pledd, dyner og soveposar. Fyrstikker og stearinlys. Ved, dersom du har vedomn eller peis. Gass- eller parafinomn som er berekna på innandørs bruk er eit alternativ til vedfyring. Avtale om overnatting dersom du ikkje har alternativ oppvarming.Lommelykter eller hovudlykter som går på batteri, sveiv eller solceller. DAB-radio som går på batteri, sveiv eller solceller. Legemiddel og førstehjelpsutstyr. Jodtablettar (gjeld barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande). Hygieneartiklar som mellom anna våtserviettar, handsprit, bleier, dopapir og menstruasjonsprodukt. Batteri og fullada batteribank. Litt kontantar og fleire betalingskort. Mat og vatn til kjæledyr. Liste på papir med viktige telefonnummer som til dømes naudnummer, legevakt, veterinær, familie, vennar og naboar. Informasjon om eigenberedskap Brosjyre om eigenberedskap på ulike språk Kilde: sikkerhverdag.no Sist endra 14.11.2024 13:18
Varsel om oppstart av detaljregulering for «E51 – Krokenesvågen» i Vanylven kommune. PlanID: 1511-202304. I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 varslar ein med dette oppstart av arbeid med detaljregulering av gbnr. 38/8 med fleire i Vanylven kommune. N...
Informasjonspakke Helseplattformen veke 22 Første veke etter kommandosenterperioda er no over. Det betyr at vi er over i meir sjølvstendig drift og at vi ikkje lenger har on-site support frå He...
Informasjonspakke Helseplattformen veke 21 Vi er inne i fjerde veke med full drift av Helseplattformen i Vanylven kommune. Status på drift er fortsatt god og mengden innrapporterte saker er lit...
Informasjon om prosjektet «Reetablering av familie- og læringssenteret» 01.09.2023 starta prosjektet «Reetablering av familie- og læringssenteret». Prosjektet ser på det tverrfaglege samarbeidet rundt barn og unge i kommun...
Informasjon til innbyggjar Helseplattformen er no gjeldande for heile Helse og omsorg-sektoren i Vanylven kommune. Men kva har det å sei for deg som innbyggar?
Informasjonspakke veke 19 Vi er inne i andre veke med full drift av Helseplattformen i Vanylven kommune. Så langt er den overordna statusen for Helseplattformen i drift god.
Informasjonspakke veke 18 Overordna status, erfaringar så langt, planen vidare og folka i spissen. Dei fyrste erfaringane med helseplattformen er gode.
1. mai brakar det laust med ny Stikk UT sesong Med heile 572 turmål i vår region er årets Stikk UT!-sesong større enn nokon gong. Stikk UT!-appen kjem i ny forbetra versjon, og for første gong kan ...