Er du førebudd på å klare deg ei veke heime?Eigenberedskapen din er viktig. Sjå kva du alltid bør ha i heimen din.Myndigheitene anbefaler at flest mogleg skal kunne klare seg sjølv i ei veke om det skjer ei krise.Her finn du informasjon om korleis du kan styrke eigenberedskapen din. Der finn du blant anna ei sjekkliste over kva du alltid bør ha i heimen.Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) anbefaler alle husstandar i Noreg å ta nokre enkle grep for å betre eigenberedskapen sin. På sikkerhverdag.no finn du konkrete råd som DSB har utarbeidd for alle innbyggjarar. Kvifor kjem eigenberedskapsråda no?Pandemien og krigen i Europa gjer at eigenberedskap er meir aktuelt enn på lenge. Det kjem på toppen av allereie kjende utfordringar som cybertruslar og meir ekstremvêr. Dette kan føre til bortfall av kritisk infrastruktur som til dømes straum, vatn og mobilnett.Vi som bur i Noreg – eit av verdas tryggaste og mest stabile land – er vande med at det meste stort sett fungerer som det skal. Det er veldig mange tenester og funksjonar vi er avhengige av for at det skal gå rundt i det daglege utan større problem. Nettopp denne avhengigheita gjer oss sårbare.Du er ein del av beredskapen i NoregSjølv om vi lever i eit trygt land, kan uønskte hendingar oppstå også hos oss. Og dersom vi blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp.– Ved å vere førebudd bidrar du til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein eventuell krisesituasjon. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg. Sist endra 02.07.2024 12:08
Status Vanylven legekontor og Helseplattformen Vanylven testar fastlegeløysing med betringarMåndag denne veka klokka 10 vart den fyrste pasienten ved Vanylven legesenter handtert via Helseplattform...
Sjekk røykvarslaren 1. desember Vinteren er høgsesong for bustadbrannar – bytt batteri i røykvarslaren 1. desember og test den jamleg gjennom året.Test at røykvarslaren funker Bytt ...
Endring av telefonnummer på skulane og barnehagane I veke 48 og 49 vil fasttelefonane ved eininga vere ute av drift grunna nettverksomlegging. I dette tidsrommet kan de nå eininga på følgjande nummer:
Vi gratulerer Heidi Endal som er kåra til kulturprisvinnar 2023 Denne veka har Livsløputvalet i Vanylven vedteke at kulturprisen for 2023 skal tildelast Heidi Endal. Vi gratulerer så mykje til Heidi!
Legekontoret har starta med opplæring i Helseplattforma Denne veka har legekontoret starta med opplæring med Helseplattforma. To representantar frå Helse Møre og Romsdal har vore innom på besøk for at dei k...
Fordelinga av LAM midlar Vanylven Idrettsråd fekk 192 964 kr til fordeling. Idrettsrådet fordeler midlane til idrettslaga i sin kommune etter tildelingskriterier vedtatt på År...
Slik kan du førebu deg på ei eventuell krise Vi er inne i årets eigenberedskapsveke, og temaet er øving. Vi oppmodar alle innbyggarar til å øve og ta naudsynte grep for å styrke eigenberedskapen.
Motivasjonsdag for alle tilsette i Vanylven kommune Vanylven kommune arrangerte tysdag 31. oktober Motivasjonsdag for alle tilsette i kommunen.Bakgrunnen for dagen er at vi ønskjer å få fram det positiv...
Vi vil ha dine innspel og forslag om budsjettet 2024 Kommunedirektøren har i dag sendt økonomiplanen med budsjett for 2024 til formannskapet for første gongs handsaming. Budsjettet er levert i balanse. D...
Paul Sindre Vedeld er valt som ordførar Ordførar, varaordførar, formannskap og utval blei valde då det nye kommunestyret hadde det første møtet sitt torsdag 19.oktober.