Er du førebudd på å klare deg ei veke heime?Eigenberedskapen din er viktig. Sjå kva du alltid bør ha i heimen din.Myndigheitene anbefaler at flest mogleg skal kunne klare seg sjølv i ei veke om det skjer ei krise.Her finn du informasjon om korleis du kan styrke eigenberedskapen din. Der finn du blant anna ei sjekkliste over kva du alltid bør ha i heimen.Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) anbefaler alle husstandar i Noreg å ta nokre enkle grep for å betre eigenberedskapen sin. På sikkerhverdag.no finn du konkrete råd som DSB har utarbeidd for alle innbyggjarar. Kvifor kjem eigenberedskapsråda no?Pandemien og krigen i Europa gjer at eigenberedskap er meir aktuelt enn på lenge. Det kjem på toppen av allereie kjende utfordringar som cybertruslar og meir ekstremvêr. Dette kan føre til bortfall av kritisk infrastruktur som til dømes straum, vatn og mobilnett.Vi som bur i Noreg – eit av verdas tryggaste og mest stabile land – er vande med at det meste stort sett fungerer som det skal. Det er veldig mange tenester og funksjonar vi er avhengige av for at det skal gå rundt i det daglege utan større problem. Nettopp denne avhengigheita gjer oss sårbare.Du er ein del av beredskapen i NoregSjølv om vi lever i eit trygt land, kan uønskte hendingar oppstå også hos oss. Og dersom vi blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp.– Ved å vere førebudd bidrar du til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein eventuell krisesituasjon. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg. Sist endra 02.07.2024 12:08
Aasta Hamre er tilsett som ny HR-leiar Aasta Hamre er tilsett som ny HR-leiar i Vanylven kommune. Ho tek til i stillinga offisielt frå 01.03.24, men har allereie starta ein overlapp med nov...
Inngått avtale med Sande kommune for oppfølging av gravide Sidan Vanylven kommune for tida ikkje har jordmor har det blitt inngått avtale med Sande kommune for oppfølging av dei gravide som vil ta svangerskaps...
Telefonnummer til legesenter Frå 1.januar vil Vanylven legesenter gå over til nye telefonar pga nettverksomlegging.Det vanlige telefonnummeret til Vanylven Legesenter, 70030100, s...
Endring av telefonnummer i helse- og omsorgssektoren I veke 50 og 51 vil fasttelefonane ved eininga vere ute av drift grunna nettverksomlegging. I dette tidsrommet kan de nå eininga på følgjande nummer:
Utlevering av dunkar til våtorganisk avfall og tømmekalendar for 2024 Dei som ikkje har henta seg dunk til våtorganisk avfall kan hente dunken på miljøstasjonen tysdagar kl.12.00-17.45. Og dei som ikkje har moglegheit ti...
Åtvarar mot farlege rusmiddel i området Politiet og Ålesund kommune har gått ut med eit felles brev til føresette med barn i skulen. Dei har frå ulike kanalar fått informasjon om at det kan ...
Retningslinjer og reglement for gratis Kulturskule i Vanylven kommune I tråd med vedtak i sak 09/23 i kommunestyremøte 07.02.23 skal «kommunedirektøren sikre at det blir laga retningslinjer for gratis kulturskule». I lin...
Kulturprisvinnar 2023 Heidi Endal! Under kommunestyremøtet tysdag 12.12.23 var det kåring av kulturprisvinnar, Heidi Endal.
15.desember startar Vinter Stikk UT sesongen 15. desember brakar det laust med ny vintersesong for Stikk UT! der du kan velje mellom 159 skiturar og 233 fotturar.
Status Vanylven legekontor og Helseplattformen Vanylven testar fastlegeløysing med betringarMåndag denne veka klokka 10 vart den fyrste pasienten ved Vanylven legesenter handtert via Helseplattform...