Er du førebudd på å klare deg ei veke heime?Eigenberedskapen din er viktig. Sjå kva du alltid bør ha i heimen din.Myndigheitene anbefaler at flest mogleg skal kunne klare seg sjølv i ei veke om det skjer ei krise.Her finn du informasjon om korleis du kan styrke eigenberedskapen din. Der finn du blant anna ei sjekkliste over kva du alltid bør ha i heimen.Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) anbefaler alle husstandar i Noreg å ta nokre enkle grep for å betre eigenberedskapen sin. På sikkerhverdag.no finn du konkrete råd som DSB har utarbeidd for alle innbyggjarar. Kvifor kjem eigenberedskapsråda no?Pandemien og krigen i Europa gjer at eigenberedskap er meir aktuelt enn på lenge. Det kjem på toppen av allereie kjende utfordringar som cybertruslar og meir ekstremvêr. Dette kan føre til bortfall av kritisk infrastruktur som til dømes straum, vatn og mobilnett.Vi som bur i Noreg – eit av verdas tryggaste og mest stabile land – er vande med at det meste stort sett fungerer som det skal. Det er veldig mange tenester og funksjonar vi er avhengige av for at det skal gå rundt i det daglege utan større problem. Nettopp denne avhengigheita gjer oss sårbare.Du er ein del av beredskapen i NoregSjølv om vi lever i eit trygt land, kan uønskte hendingar oppstå også hos oss. Og dersom vi blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp.– Ved å vere førebudd bidrar du til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein eventuell krisesituasjon. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg. Sist endra 02.07.2024 12:08
Har du nokon gong vore bekymra for eit barn eller ein ungdom? Har du lagt merke til «knappen» på heimesida til Vanylven kommune der det står: BTS; Er du bekymra for eit barn eller ungdom? Du finn knappen både i m...
Fylkesfestivalen 2023 gjekk av stabelen 9-12.oktober i Herøy Kommune Fylkesfestivalen 2023 gjekk av stabelen 9-12.oktober i Herøy kommune. Herøy og Sande kommune var arrangørar i saman med Møre og Romsdal fylkeskommune. ...
Gratis energianalyse av bustaden din No får alle innbyggarar i kommunen gratis tilgang til energiportalen.no Søk opp bustaden din på energiportalen.no
Verdsdagen for psykisk helse Verdsdagen for psykisk helse er ein internasjonal FN-dag og blir markert kvart år 10. oktober for å skape merksemd om psykisk helse.
Mørkt gatelys? Då kan du melde inn her Feil på gatelys/veglys eller lys i stolpen som ikkje virkar? Det kan du melde inn her: Klikk deg inn i kartløysninga for å melde frå om mørkt gatelys
Eldreråd 2023 - 2027: Forslag på medlemar Funksjonstida for Vanylven eldreråd fylgjer valperioden til kommunestyret. Kommunestyret skal difor i haust oppnemne eldreråd for perioden 2023 -2027. ...
Råd for funksjonshemma 2023 - 2027: Forslag på medlemar Funksjonstida for Vanylven råd for funksjonshemma følgjer valperioden til kommunestyret. Kommunestyret skal difor i haust oppnemne råd for funksjonshe...
Pasient- og brukarombodet Er du ikkje nøgd med helsetenestene, eller har spørsmål om rettane dine, kan du få hjelp og råd frå pasient- og brukarombodet. Kven som helst kan ta k...
Vest kontroll har fått nytt arkiv- og møtesystem Alle som er interesserte kan lese møtedokumenta til kontrollutvalet på Vest kontroll sine heimesider.
Her er det nye kommunestyret Sjå kven som får plass i kommunestyret. Nedanfor ser du medlemmene i kommunestyret i Vanylven i perioden 2023–2027.