Er du førebudd på å klare deg ei veke heime?Eigenberedskapen din er viktig. Sjå kva du alltid bør ha i heimen din.Myndigheitene anbefaler at flest mogleg skal kunne klare seg sjølv i ei veke om det skjer ei krise.Her finn du informasjon om korleis du kan styrke eigenberedskapen din. Der finn du blant anna ei sjekkliste over kva du alltid bør ha i heimen.Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) anbefaler alle husstandar i Noreg å ta nokre enkle grep for å betre eigenberedskapen sin. På sikkerhverdag.no finn du konkrete råd som DSB har utarbeidd for alle innbyggjarar. Kvifor kjem eigenberedskapsråda no?Pandemien og krigen i Europa gjer at eigenberedskap er meir aktuelt enn på lenge. Det kjem på toppen av allereie kjende utfordringar som cybertruslar og meir ekstremvêr. Dette kan føre til bortfall av kritisk infrastruktur som til dømes straum, vatn og mobilnett.Vi som bur i Noreg – eit av verdas tryggaste og mest stabile land – er vande med at det meste stort sett fungerer som det skal. Det er veldig mange tenester og funksjonar vi er avhengige av for at det skal gå rundt i det daglege utan større problem. Nettopp denne avhengigheita gjer oss sårbare.Du er ein del av beredskapen i NoregSjølv om vi lever i eit trygt land, kan uønskte hendingar oppstå også hos oss. Og dersom vi blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp.– Ved å vere førebudd bidrar du til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein eventuell krisesituasjon. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg. Sist endra 02.07.2024 12:08
Regler for bruk av drone - informasjon frå Luftfartstilsynet og politiet Turistsesongen er godt i gong, Luftfartstilsynet gir viktig informasjon om reglane for bruk av drone.
Informasjon om utlegging av manntal til offentleg ettersyn Utleggingsmanntalet til kommune- og fylkestingsvalet og for sametingsvalet er no tilgjengeleg for ettersyn ved servicekontoret i Vanylven, mandag-fred...
Vanylven kommune går mot skya! Vi ønskjer å informere om arbeidet som har vore gjort knytt til den digitale infrastrukturen i Vanylven kommune.Sidan vi no er g...
Opningstider på Valborgsamlinga, St. Jetmund kyrkja og museum på Åram Det vert ope på Valborgsamlinga og St. Jetmund kvar dag i juli klokka 12:00 til 17:00. På Valborgsamlinga er det guide som tek dykk med til St. Jetmun...
Vi må få meir ut av IT som verktøy i tenesteutvikling og drift Dette er konklusjonen i ei ekstern analyse av dagens drift og utvikling innanfor IKT, digitalisering og kommunal tenesteutvikling.
Politiet til føresette: – Gjer tydelege avtalar med barna og ungdomane I ei sommarhelsing gir politiet i Herøy, Sande og Vanylven råd til alle som har barn i grunnskulen.
Vigilo - Digital kommunikasjon Frå 1. august 2023 tok Vanylven kommune i bruk Vigilo til digital kommunikasjon mellom heim og barnehage, skule og SFO.
Utflytta Vanylving tilsett som ny kommunalsjef Ronny Prozenko er tilsett som kommunalsjef for teknisk sektor. Som kommunalsjef vil han vere ein del av kommunedirektøren si leia...
Turkalenderen for Sunnmøre og Vestnes 2023 I denne brosjyra finn du turar og arrangement som foregår på Sunnmøre og Vestnes sommar og haust 2023. Turane er organiserte vandringar eller arrangem...
Kjernejournal er no tilgjengeleg for kommunane på søre Sunnmøre via fagsystemet Gerica. Alle innbyggarar i Norge har tilgang til eigen kjernejournal via Helsenorge.no. Kjernejournal er ei enkel og sikker samhandlingsløysing for helse- og ...