Er du førebudd på å klare deg ei veke heime?Eigenberedskapen din er viktig. Sjå kva du alltid bør ha i heimen din.Myndigheitene anbefaler at flest mogleg skal kunne klare seg sjølv i ei veke om det skjer ei krise.Her finn du informasjon om korleis du kan styrke eigenberedskapen din. Der finn du blant anna ei sjekkliste over kva du alltid bør ha i heimen.Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) anbefaler alle husstandar i Noreg å ta nokre enkle grep for å betre eigenberedskapen sin. På sikkerhverdag.no finn du konkrete råd som DSB har utarbeidd for alle innbyggjarar. Kvifor kjem eigenberedskapsråda no?Pandemien og krigen i Europa gjer at eigenberedskap er meir aktuelt enn på lenge. Det kjem på toppen av allereie kjende utfordringar som cybertruslar og meir ekstremvêr. Dette kan føre til bortfall av kritisk infrastruktur som til dømes straum, vatn og mobilnett.Vi som bur i Noreg – eit av verdas tryggaste og mest stabile land – er vande med at det meste stort sett fungerer som det skal. Det er veldig mange tenester og funksjonar vi er avhengige av for at det skal gå rundt i det daglege utan større problem. Nettopp denne avhengigheita gjer oss sårbare.Du er ein del av beredskapen i NoregSjølv om vi lever i eit trygt land, kan uønskte hendingar oppstå også hos oss. Og dersom vi blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp.– Ved å vere førebudd bidrar du til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein eventuell krisesituasjon. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg. Sist endra 02.07.2024 12:08
Vi gratulerer kulturprisvinnar 2022 Olav Høgset ! Av Lars MyklebustHan har spela, sunge, dirigert, måla og drive organisasjons- og kulturarbeid i eit halvt hundreår. Og denne ...
Fordelinga av LAM midler Vanylven Idrettsråd fikk 189 126 kr til fordeling. Idrettsrådet fordeler midlene til idrettslagene i sin kommune etter tildelingskriterier vedtatt p...
Snakk om sjølvmordstankar – det kan redde liv Er du uroa for om nokon du kjenner har sjølvmordstankar?
Bustader til flyktningar Vanylven kommune har behov for fleire bustader til Ukrainske flyktningar. Det er særleg behov for bustader i Syvde og på Fiskå, i gangavstand sentrum. ...
Tilsett som dagleg leiar i Vest kontroll Ane Malene Søvik Nygård er tilsett som dagleg leiar i Vest kontroll kommunalt oppgåvefelleskap. Ho går frå stillinga som kommunalsjef samfunnsutvikli...
Gratis klima- og energirådgiving til bustadeigarar Energiportalen er gratis for deg som bor i kommunen vår 👍 På Energiportalen ser du kor mykje energi du bruker på oppvarming, varmtvatn og lys i dag. ...
Nytt om feiing og tilsyn i Vanylven kommune Frå 1.1.2022 endra yrkestittelen seg frå feiar til brannforebygger, dette for å dekke meir arbeidsoppgavene til brannforebyggaren, som består av my...
Tilskot til integreringstiltak for flyktningar i regi av frivillige lag og organisasjonar i Møre og Romsdal Møre og Romsdal lyser ut tilskotsordning for frivillige lag og organisasjonar i Møre og Romsdal som jobbar med aktivitetstilbod til flyktningar.
Informasjon angåande pårørandetreff innan psykisk helse/rus Pårørandetreff innan psykisk helse/rus vert arrangert første tysdag i kvar mnd. frå kl. 18.30 til kl. 20.30. Treffet vil vere på Vårsolstova ved gamle ...
Invitasjon til å kome med tilbod for prosjektleiing til ringverknadprosjekt for Stad Skipstunnel Kommunane Stad, Vanylven og Kinn kommune viser til at i Nasjonal transportplan for (NTP) 2022 – 2026, er Stad skipstunnel eit samferdselsprosjekt som ...