Er du førebudd på å klare deg ei veke heime?Eigenberedskapen din er viktig. Sjå kva du alltid bør ha i heimen din.Myndigheitene anbefaler at flest mogleg skal kunne klare seg sjølv i ei veke om det skjer ei krise.Her finn du informasjon om korleis du kan styrke eigenberedskapen din. Der finn du blant anna ei sjekkliste over kva du alltid bør ha i heimen.Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) anbefaler alle husstandar i Noreg å ta nokre enkle grep for å betre eigenberedskapen sin. På sikkerhverdag.no finn du konkrete råd som DSB har utarbeidd for alle innbyggjarar. Kvifor kjem eigenberedskapsråda no?Pandemien og krigen i Europa gjer at eigenberedskap er meir aktuelt enn på lenge. Det kjem på toppen av allereie kjende utfordringar som cybertruslar og meir ekstremvêr. Dette kan føre til bortfall av kritisk infrastruktur som til dømes straum, vatn og mobilnett.Vi som bur i Noreg – eit av verdas tryggaste og mest stabile land – er vande med at det meste stort sett fungerer som det skal. Det er veldig mange tenester og funksjonar vi er avhengige av for at det skal gå rundt i det daglege utan større problem. Nettopp denne avhengigheita gjer oss sårbare.Du er ein del av beredskapen i NoregSjølv om vi lever i eit trygt land, kan uønskte hendingar oppstå også hos oss. Og dersom vi blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp.– Ved å vere førebudd bidrar du til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein eventuell krisesituasjon. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg. Sist endra 02.07.2024 12:08
Vi er klare for Monsiaden onsdag 1.juni Onsdag 1.juni er det duka for den 25. arrangeringa av Monsiaden. Denne dagen har vi venta på lenge og no er den endeleg her. - Kulturrådgjevar, Vesle...
Ny tilskotsordning til mangfald- og inkluderingstiltak i idrett og fysisk aktivitet Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar ei ny tilskotsordning som skal legge til rette for auka deltaking i idrett og fysisk aktivitet for alle born ...
Gnist - innbyggjarinnvolvering No er vi godt i gang med samarbeidet frå Blåmyra og Nordplan som vil kartlegge kva dei ulike synergiane frå Stad skipstunnell kan brukast til for å ...
Nytt tilbod: Drop-in-opphald på Dagtilbodet Saman med Dagtilbodet vil vi opne opp for drop-in-opphald. Her er tanken vår, at om du som pårørande skal eit ærend, som til dømes til tannlege/lege, ...
Korleis kan synergiane frå skipstunnelen utnyttast til å gjere kommunen meir attraktiv i framtida ? Møt oss for innbyggjardialog på Fiskå eller Åheim laurdag 21.mai Møt oss på Coop Åheim eller Combisenteret Fiskå frå 10:00-13:00, laurdag 21.mai. Vanylven kommune invitera innbyggjarane til dialog for utveksling av ...
Samling for ordførarane og kommunedirektørane på søre Sunnmøre Ordførarane og kommunedirektørane i Sjustjerna møtest om lag fire gongar i året, på omgong i dei sju kommunane våre Hareid, Ulstein, Ørsta, Volda, H...
Sterk og Stødig søkjer frivillige instruktørar til helsefremjande og førebyggjande treningsgrupper for seniorar 65+ På Fiskå har vi ei treningsgruppe i sterk og stødig. Den er diverre fullbooka og difor ikkje opa for fleire deltakarar no. Då det viser seg at dette ...
Vi har valt ut vårt Gnist-team ! Vanylven kommune har ilag med 10 andre kommunar blitt valt ut som Gnist-kommune. Det var DOGA, Nordic Edge og Distriktssenteret som stod for utveljel...
Kongeparet kjem på besøk til Vanylven kommune – Vi arrangerer folkefest på Åheim 31.august Pressemelding frå Det Norske Kongehus: «Hans Majestet Kongen og hennar Majestet Dronninga besøkjer Møre og Romsdal i perioden 30.august til 1.septemb...
Informasjon om kommunestyremøte mandag 9.mai Mandag 9.mai vil det bli gjennomført ei orientering i forkant av kommunestyremøte. Denne vil skje på Sibelco, Åheim. Deretter vil det offisielle møte...