Er du førebudd på å klare deg ei veke heime?Eigenberedskapen din er viktig. Sjå kva du alltid bør ha i heimen din.Myndigheitene anbefaler at flest mogleg skal kunne klare seg sjølv i ei veke om det skjer ei krise.Her finn du informasjon om korleis du kan styrke eigenberedskapen din. Der finn du blant anna ei sjekkliste over kva du alltid bør ha i heimen.Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) anbefaler alle husstandar i Noreg å ta nokre enkle grep for å betre eigenberedskapen sin. På sikkerhverdag.no finn du konkrete råd som DSB har utarbeidd for alle innbyggjarar. Kvifor kjem eigenberedskapsråda no?Pandemien og krigen i Europa gjer at eigenberedskap er meir aktuelt enn på lenge. Det kjem på toppen av allereie kjende utfordringar som cybertruslar og meir ekstremvêr. Dette kan føre til bortfall av kritisk infrastruktur som til dømes straum, vatn og mobilnett.Vi som bur i Noreg – eit av verdas tryggaste og mest stabile land – er vande med at det meste stort sett fungerer som det skal. Det er veldig mange tenester og funksjonar vi er avhengige av for at det skal gå rundt i det daglege utan større problem. Nettopp denne avhengigheita gjer oss sårbare.Du er ein del av beredskapen i NoregSjølv om vi lever i eit trygt land, kan uønskte hendingar oppstå også hos oss. Og dersom vi blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp.– Ved å vere førebudd bidrar du til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein eventuell krisesituasjon. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg. Sist endra 02.07.2024 12:08
Arbeidstakarar med bestått fagbrev Vanylven kommune har fått tre nye arbeidstakarar med bestått fagbrev som helsefagarbeidararar i januar/februar 2022. Dette gjeld Alma Cenabre Kløvning...
Endringar i koronatiltak Regjeringa har i dag, laurdag 12. februar, fatta vedtak om endringar i koronatiltaka Alle endringane gjeld frå kl. 10.00 laurdag 12. februar 2022
Kan du vere interessert i å vere frivillig instruktør for «Sterk og stødig»? Vanylven kommune ynskjer å setje i gang med helsefremjande og førebyggande treningsgruppe for seniorar; «Sterk og Stødig». «Sterk og stødig» er gruppe...
Vanylven kommune får innovasjonshjelp som Gnist-kommune Vanylven kommune har nyleg blitt valt ut som ei av årets Gnist-kommuner. Grunnen til dette er den komande bygginga av Stad skipstunnel. Som Gnist-komm...
Tid for å søkje tilskot i landbruket SMIL-tilskot inntil 70 % av kostnad. Søknadsfrist 1.april.Gjeld miljøtiltak i jordbruket, t.d. til rydding og gjerde i gamal kulturmark, hindre attgro...
Betalingssatsar i helse- og omsorgssektoren frå 01.01.2022 Kommunestyret handsama i møte den 25.10.2021 – sak PS 102/21 . Følgjande vedtak vart fatta:
Trivsel for eldre - levering av middagar til eldre ute i bygdene Vanylven kommune og gruppa «trivsel for eldre» samarbeidar for trivsel blant eldre i Vanylven. Vi ynskjer no å samle ei gruppe frivillige som kan tenk...
Ungdata-undersøking i Vanylven Vanylven kommune skal i veke 5 og 6 gjennomføre Ungdata junior i 5.-7. klasse og Ungdata i 8.-10.klasse. Skulane har sendt ut informasjon digitalt til ...
Kurs for pårørande til personar med rusmiddel- eller psykiske helseproblem «Ta Tak» er eit kurs for deg som står nær nokon med rusmiddel- eller psykiske helseproblem. Nytt kurs startar 2. mars. Kurset er gratis, er for all...
Samhandlingskoordinator på søre Sunnmøre Oddvar Marøy har teke til i stilling som samhandlingskoordinator i helsefelleskapet i Møre og Romsdal. Han skal i første rekke representere kommunane ...