Er du førebudd på å klare deg ei veke heime?Eigenberedskapen din er viktig. Sjå kva du alltid bør ha i heimen din.Myndigheitene anbefaler at flest mogleg skal kunne klare seg sjølv i ei veke om det skjer ei krise.Her finn du informasjon om korleis du kan styrke eigenberedskapen din. Der finn du blant anna ei sjekkliste over kva du alltid bør ha i heimen.Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) anbefaler alle husstandar i Noreg å ta nokre enkle grep for å betre eigenberedskapen sin. På sikkerhverdag.no finn du konkrete råd som DSB har utarbeidd for alle innbyggjarar. Kvifor kjem eigenberedskapsråda no?Pandemien og krigen i Europa gjer at eigenberedskap er meir aktuelt enn på lenge. Det kjem på toppen av allereie kjende utfordringar som cybertruslar og meir ekstremvêr. Dette kan føre til bortfall av kritisk infrastruktur som til dømes straum, vatn og mobilnett.Vi som bur i Noreg – eit av verdas tryggaste og mest stabile land – er vande med at det meste stort sett fungerer som det skal. Det er veldig mange tenester og funksjonar vi er avhengige av for at det skal gå rundt i det daglege utan større problem. Nettopp denne avhengigheita gjer oss sårbare.Du er ein del av beredskapen i NoregSjølv om vi lever i eit trygt land, kan uønskte hendingar oppstå også hos oss. Og dersom vi blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp.– Ved å vere førebudd bidrar du til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein eventuell krisesituasjon. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg. Sist endra 02.07.2024 12:08
Kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder I samband med budsjetthandsaminga på Stortinget (17.12.) har Vanylven kommune fått tildelt kr. 255.000,- til lokale verksemder som er særleg ramma av ...
Offentleg ettersyn av planprogram for kommuneplanens arealdel 2022-2034 Kommunestyret i Vanylven kommune vedtok i møte den 13.12.2021, å sende forslag til planprogram for kommuneplanens arealdel 2022-2034, på offentleg ett...
Informasjon til tilsette i Vanylven kommune Det vil framover bli «drop in»-vaksinasjon mot korona for alle. Første høve er onsdag 22.12.21 mellom kl. 15:00 og 20:00 på Kommunestyresalen. Dette e...
Spørjeundersøking knytt til samfunnsdelen av kommuneplanen I samfunnsdelen av kommuneplanen til Vanylven kommune vert det presisert at dersom kommunen spelar på lag med omgivnadane, vil tenestene bli betre og ...
Varsel om oppstart av planarbeid - gbnr 25/60 m.fl i Vanylven kommune Varsel om oppstart av planarbeid - Detaljereguleringsplan for Syltefjord camping og marina på gbnr.25/60 m.fl i Vanylven kommune.I samsvar med Plan- o...
Informasjon om fakturering av SFO, barnehage, helse- og omsorgsrelaterte tenester og husleige På grunn av overgang til nytt økonomisystem 01.01.2022 blir forfall på faktura for barnehage og SFO, opphald på institusjon og andre helse- og omsorgs...
Økonomiplan 2022-2025 med budsjett for 2022 Vanylven formannskap har 30. november behandla økonomiplan for 2022-2025 med budsjett for 2022, som gav følgjande tilråing:Formannskapet tilrår:1. Dr...
Kulturprisen 2021 Oddrun Anita Kobbevik Oldeide er årets vinnar av kulturprisen. Du kan lese meir om tildelinga på nettstaden til Synste Møre.