Er du førebudd på å klare deg ei veke heime?Eigenberedskapen din er viktig. Sjå kva du alltid bør ha i heimen din.Myndigheitene anbefaler at flest mogleg skal kunne klare seg sjølv i ei veke om det skjer ei krise.Her finn du informasjon om korleis du kan styrke eigenberedskapen din. Der finn du blant anna ei sjekkliste over kva du alltid bør ha i heimen.Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) anbefaler alle husstandar i Noreg å ta nokre enkle grep for å betre eigenberedskapen sin. På sikkerhverdag.no finn du konkrete råd som DSB har utarbeidd for alle innbyggjarar. Kvifor kjem eigenberedskapsråda no?Pandemien og krigen i Europa gjer at eigenberedskap er meir aktuelt enn på lenge. Det kjem på toppen av allereie kjende utfordringar som cybertruslar og meir ekstremvêr. Dette kan føre til bortfall av kritisk infrastruktur som til dømes straum, vatn og mobilnett.Vi som bur i Noreg – eit av verdas tryggaste og mest stabile land – er vande med at det meste stort sett fungerer som det skal. Det er veldig mange tenester og funksjonar vi er avhengige av for at det skal gå rundt i det daglege utan større problem. Nettopp denne avhengigheita gjer oss sårbare.Du er ein del av beredskapen i NoregSjølv om vi lever i eit trygt land, kan uønskte hendingar oppstå også hos oss. Og dersom vi blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp.– Ved å vere førebudd bidrar du til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein eventuell krisesituasjon. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg. Sist endra 02.07.2024 12:08
Vil du hjelpe dei ukrainske flyktningane ? Innbyggjarar i Vanylven kommune har vist eit stort engasjement når det gjeld å ville hjelpe dei ukrainske flyktningane som kan kome til kommunen...
Vanylven kommune søkjer guide til Valborgsamlinga og St. Jetmund kyrkja Arbeid i stillinga: omvisning i Valborgssamlinga og St.Jetmund kyrkje frå 1.7-31.07.22 kl 12-17:00 selje billettar vask og vedlikehald på inne- og u...
Samarbeidsavtale mellom Synste Møre og Vanylven kommune Vanylven kommune vil i ein ny samarbeidsavtale med Synste Møre betale for lag og organisasjonar sine annonser i lokalavisa. Kommunen ønskjer å stimul...
No kan du endre terminen på kommunale avgifter No kan alle innbyggjarar som mottek kommunale avgifter gi beskjed om dei vil ha faktura kvartalsvis eller per halvår. Første faktura må vere halvår...
Kunngjering av godkjent detaljreguleringsplan Slagnes-E40 Kommunestyre i Vanylven vedtok å godkjenne detaljreguleringsplan Slagnes-E40 i møte 21.03.2022 ihht. plan- og bygningslova §12-12. Vedtaket vert kunng...
Busetting av flyktningar i Vanylven kommune Vanylven kommune har i dag blitt oppmoda av IMDi om å ta imot 15 flyktningar frå Ukraina. Kommunen har difor satt i gang arbeidet med å etablere ei fl...
Korleis skape attraktive og livskraftige vannvegsstasjonar langs skipsleia til Stad skipstunnel? Vanylven kommune har som kjent blitt valt ut som ei av årets Gnist-kommunar i samband med den komande bygginga av Stad skipstunnel. Kommunen vil som e...
Informasjon angåande jodtablettar Hendingane i Ukraina dei siste dagane har ført til eit stort mediafokus på jodtablettar. Dersom det blir eit utslepp av radioaktivt jod, kan jodtablet...
Søk støtte til prosjekt for ungdom Ungdomspanelet i Møre og Romsdal deler ut 250 000 kr to gongar i året til prosjekt for ungdom i heile fylket. Tilskotet blir delt ut til prosjekt som ...
Har du lyst å lære meir om framtidsfullmakt? Synnøve Karlsen frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal kjem til for å snakke om verjemål, og alternativ til verjemål. ...