Er du førebudd på å klare deg ei veke heime?Eigenberedskapen din er viktig. Sjå kva du alltid bør ha i heimen din.Myndigheitene anbefaler at flest mogleg skal kunne klare seg sjølv i ei veke om det skjer ei krise.Her finn du informasjon om korleis du kan styrke eigenberedskapen din. Der finn du blant anna ei sjekkliste over kva du alltid bør ha i heimen.Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) anbefaler alle husstandar i Noreg å ta nokre enkle grep for å betre eigenberedskapen sin. På sikkerhverdag.no finn du konkrete råd som DSB har utarbeidd for alle innbyggjarar. Kvifor kjem eigenberedskapsråda no?Pandemien og krigen i Europa gjer at eigenberedskap er meir aktuelt enn på lenge. Det kjem på toppen av allereie kjende utfordringar som cybertruslar og meir ekstremvêr. Dette kan føre til bortfall av kritisk infrastruktur som til dømes straum, vatn og mobilnett.Vi som bur i Noreg – eit av verdas tryggaste og mest stabile land – er vande med at det meste stort sett fungerer som det skal. Det er veldig mange tenester og funksjonar vi er avhengige av for at det skal gå rundt i det daglege utan større problem. Nettopp denne avhengigheita gjer oss sårbare.Du er ein del av beredskapen i NoregSjølv om vi lever i eit trygt land, kan uønskte hendingar oppstå også hos oss. Og dersom vi blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp.– Ved å vere førebudd bidrar du til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein eventuell krisesituasjon. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg. Sist endra 02.07.2024 12:08
Hytterenovasjon gjeld restavfall, ikkje byggavfall ! Vanylven kommune ved teknisk sektor vil informere om at dunkane for hytterenovasjon er kun til restavfall. Det skal ikkje kastast byggavfall, plenkli...
Vi inviterer til folkefest på kunsgrasbana ved Olivinhallen på Åheim Vanylven kommune inviterer alle som vil til å vere med på folkefesten i samband med kongebesøket
Rekruttering av medarbeidarar - kva kan kommunen bli betre på? I Vanylven ønsker vi det beste for innbyggarane våre. Dei tilsette sørgar mellom anna for reint vatn i springen, gode læringsarenaer for ungane våre ...
Fugleinfluensa blant villfugl på Sunnmøre Vanylven kommune vil informere innbyggjarane om at det no er påvist fugleinfluensa blant villfugl langs delar av norskekysten dei siste dagane. Mattil...
Gratis kjernetid i SFO Det er varsla om innføring av gratis kjernetid i SFO i 1. klasse frå 01.08.22. Ordninga inneber ei moderasjonsordning på 12 timar per veke i fråtrekk ...
Vi vil ha dine innspel og forslag om budsjettet 2023 Når vi no skal i gong med arbeidet for budsjettprosessen til neste år, vil vi invitere innbyggjarane i kommunen til budsjettarbeidet. Vi er avhengige ...
Presseinvitasjon - Kongeparet sin tur til Vanylven og Møre og Romsdal Presse som ønskjer å dekke Deira Majestetar Kongen og Dronninga sin fylkestur i Møre og Romsdal 30. august - 1. september 2022 må søke om akkrediteri...