Er du førebudd på å klare deg ei veke heime?Eigenberedskapen din er viktig. Sjå kva du alltid bør ha i heimen din.Myndigheitene anbefaler at flest mogleg skal kunne klare seg sjølv i ei veke om det skjer ei krise.Her finn du informasjon om korleis du kan styrke eigenberedskapen din. Der finn du blant anna ei sjekkliste over kva du alltid bør ha i heimen.Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) anbefaler alle husstandar i Noreg å ta nokre enkle grep for å betre eigenberedskapen sin. På sikkerhverdag.no finn du konkrete råd som DSB har utarbeidd for alle innbyggjarar. Kvifor kjem eigenberedskapsråda no?Pandemien og krigen i Europa gjer at eigenberedskap er meir aktuelt enn på lenge. Det kjem på toppen av allereie kjende utfordringar som cybertruslar og meir ekstremvêr. Dette kan føre til bortfall av kritisk infrastruktur som til dømes straum, vatn og mobilnett.Vi som bur i Noreg – eit av verdas tryggaste og mest stabile land – er vande med at det meste stort sett fungerer som det skal. Det er veldig mange tenester og funksjonar vi er avhengige av for at det skal gå rundt i det daglege utan større problem. Nettopp denne avhengigheita gjer oss sårbare.Du er ein del av beredskapen i NoregSjølv om vi lever i eit trygt land, kan uønskte hendingar oppstå også hos oss. Og dersom vi blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp.– Ved å vere førebudd bidrar du til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein eventuell krisesituasjon. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg. Sist endra 02.07.2024 12:08
SMIL-tilskot og dreneringstilskot Landbrukstilskot I år har vi meir tilskotsmidlar enn søknadar. Vil du søkje? Spesielle miljøtiltak i jordbruket - SMIL-tilskot Føremålet med SMIL-tilsko...
Vanylven er på 11.plass prosentvis vekst i landet Vanylven hadde ein vekst med 37 personar (1.23%) i siste kvartal. Søre Sunnmøre og fylket I kommunane på Søre Sunnmøre hadde Sande saman med Volda ein ...
Vanylven kommune etablerer kommunal ressursbank med tilbod om hybel Vanylven kommune har etablert sin eigen ressursbank, der vi har skreddersydd ein heilt eigen pakke for dei som tek til i desse stillingane. Som fast t...
Klipp av hekkar, busker og tre Buskar og tre på eigedomen din må ikkje vekse ut over fortau og veg. Her får du råd om korleis du kan løyse det for å sikre mjuke trafikantar, og for ...
Nytt fagsystem i barnehage, SFO og skule 9. august vert nytt system for administrasjon og kommunikasjon mellom barnehage, SFO og skule og heim tilgjengeleg for føresette og tilsette. Det nye ...
Informasjon om fugleinfluensa i Møre og Romsdal Her får du svar på kva du skal gjere dersom du finn døde fuglar.
Treningsgruppe for seniorar 65+ Nivået er tilpassa dei som begynner å kjenne på å vere ustø, men kan gå inne utan ganghjelpemiddel.
Ole Martin tilbake i Vanylven! Vi har gleda av å informere om at Ole Martin Brudevoll har fått tilbod og takka ja til fast stilling som rektor ved Åheim skule. Han start...