Slik styrkar du eigenberedskapen dinMyndigheitene anbefaler at flest mogleg skal kunne klare seg sjølv i ei veke om det skjer ei krise.Vi lever i ei stadig meir uroleg verd, med mellom anna klimaendringar, krig og digitale truslar. Sjølv om det meste fungerer som det skal i Noreg, må vi vere førebudde på at ekstremvêr, pandemiar, ulukker, sabotasje og – i verste fall – krigshandlingar kan ramme oss. Kommunane og naudetatane må prioritere dei som ikkje klarer seg utan hjelp i ei krise. Ivar Kvaal/DSB Sjekkliste for eigenberedskap Reint drikkevatn lagra på kanner eller flasker. Mat som toler å bli oppbevart ved romtemperatur. Grill, kokeapparat eller stormkjøken. Varme klede, pledd, dyner og soveposar. Fyrstikker og stearinlys. Ved, dersom du har vedomn eller peis. Gass- eller parafinomn som er berekna på innandørs bruk er eit alternativ til vedfyring. Avtale om overnatting dersom du ikkje har alternativ oppvarming.Lommelykter eller hovudlykter som går på batteri, sveiv eller solceller. DAB-radio som går på batteri, sveiv eller solceller. Legemiddel og førstehjelpsutstyr. Jodtablettar (gjeld barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande). Hygieneartiklar som mellom anna våtserviettar, handsprit, bleier, dopapir og menstruasjonsprodukt. Batteri og fullada batteribank. Litt kontantar og fleire betalingskort. Mat og vatn til kjæledyr. Liste på papir med viktige telefonnummer som til dømes naudnummer, legevakt, veterinær, familie, vennar og naboar. Informasjon om eigenberedskap Brosjyre om eigenberedskap på ulike språk Kilde: sikkerhverdag.no Sist endra 14.11.2024 13:18
No treff du helsestasjonen på Helsenorge.no Måndag 14. juni tek helsestasjonen i bruk ei ny nasjonal fellesløysing for digital samhandling mellom innbyggarar og helsestasjon- og skulehelsetenes...
Ønskjer du tomt på Fredsvoll, Fiskå? Vanylven kommune ønskjer å avklare interesse for bustadbygging i byggjefeltet Fredsvoll på Fiskå og planlegging av tidspunkt for vidare utbygging av ...
Opnar for treningskampar mellom lag for barn og unge under 20 år innad på Søre Sunnmøre Ordførarane på Søre Sunnmøre drøfta måndag innspelet frå Sunnmøre fotballkrets om fortolkinga av nasjonale retningslinjer for barn og unge under 20 å...
Dreneringstilskot og SMIL-tilskot i jordbruket – søknadsfrist 1.06.2021 No er det tid for å søkje SMIL-tilskot og tilskot til drenering av jordbruksareal, søknadsfristen er 1.juni. Drenering av jordbruksareal, 30 kr pr me...
Ønskjer du påminning om når du har tøming av behaldarane dine? - Vi lanserar appen "Min Renovasjon " Min Renovasjon er ein app laga for smarttelefonar. Her har du høve til å legge inn varsling slik at du kan få melding dagen før eller på tømedag. Appe...
Vasslekkasje på hovudvassleidning ved Fiskå Karosseri - oppdatert kl.15:33 Oppdatert kl. 15:33 Arbeidet med reparasjonen av vasslekkasjen ved Fiskå Karosseri er meir omfattande en først antatt, arbeidet vil mest truleg hald...
Digitalt folkemøte om Synergiar til Stad skipstunnel onsdag kl.17:00 - lenkje til møte finn du under Onsdag ettermiddag kl. 17:00 vil det bli arrangert digitalt folkemøte om saka om Synergiar til Stad skipstunnel.Det er veldig viktig at alle blir høyr...
Nye retningsliner for nærings- og miljøtiltak i skog 2021-2024 Kommunen har om lag 30 000 kr som skal fordelast til skogkultur. Ved innmeldt behov kan vi få tildelt meir, så ta tidleg kontakt med kommunen om du h...
Reguleringsplan Åheim sentrum og Tue-krysset: Varsel om arkeologisk utgraving og grunnboring Vanylven kommune arbeider med å regulere Åheim sentrum og Tue-krysset. Viser til oppstartvarsling av reguleringsplan Åheim-sentrum og Tue-krysset, h...
Spørjeundersøking om tillitsforholda mellom kommune, næringsliv og frivilleg sektor Vanylven kommune har engasjert Telemarksforsking for å måle tillitsforholda i Vanylven. Målinga vert gjennomført som ei spørjeundersøking til næring...