Slik styrkar du eigenberedskapen dinMyndigheitene anbefaler at flest mogleg skal kunne klare seg sjølv i ei veke om det skjer ei krise.Vi lever i ei stadig meir uroleg verd, med mellom anna klimaendringar, krig og digitale truslar. Sjølv om det meste fungerer som det skal i Noreg, må vi vere førebudde på at ekstremvêr, pandemiar, ulukker, sabotasje og – i verste fall – krigshandlingar kan ramme oss. Kommunane og naudetatane må prioritere dei som ikkje klarer seg utan hjelp i ei krise. Ivar Kvaal/DSB Sjekkliste for eigenberedskap Reint drikkevatn lagra på kanner eller flasker. Mat som toler å bli oppbevart ved romtemperatur. Grill, kokeapparat eller stormkjøken. Varme klede, pledd, dyner og soveposar. Fyrstikker og stearinlys. Ved, dersom du har vedomn eller peis. Gass- eller parafinomn som er berekna på innandørs bruk er eit alternativ til vedfyring. Avtale om overnatting dersom du ikkje har alternativ oppvarming.Lommelykter eller hovudlykter som går på batteri, sveiv eller solceller. DAB-radio som går på batteri, sveiv eller solceller. Legemiddel og førstehjelpsutstyr. Jodtablettar (gjeld barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande). Hygieneartiklar som mellom anna våtserviettar, handsprit, bleier, dopapir og menstruasjonsprodukt. Batteri og fullada batteribank. Litt kontantar og fleire betalingskort. Mat og vatn til kjæledyr. Liste på papir med viktige telefonnummer som til dømes naudnummer, legevakt, veterinær, familie, vennar og naboar. Informasjon om eigenberedskap Brosjyre om eigenberedskap på ulike språk Kilde: sikkerhverdag.no Sist endra 14.11.2024 13:18
Det er sett i verk ein statleg aksjon for det nederlandske lastefartøyet, som no ligg utanfor Stadlandet Det nederlandske lastefartøyet "Eemslift Hendrika" sende 2. påskedag ut naudmelding. Lasteskipet er utan motorkraft og har vore i drift sidan mandag ...
Nye nasjonale tiltak som trer i kraft fra midnatt – natt til torsdag 25. mars. Regjeringa har varsla nye nasjonale tiltak som trer i kraft fra midnatt – natt til torsdag 25. mars.
Kommunestyremøtet i morgon er utsett til over påske! Kommunestyremøtet som skulle vere mandag 22.03.21 er utsett grunna koronasituasjonen. Dette er bestemt av ordføraren og dei politiske partia i samrå...
Digitalt folkemøte om Klovningen hamn - Lenkje til møtet finn du i artikkelen På grunn av smittesituasjonen i nabokommunen vår har vi sett oss nøydde til å utføre folkemøtet digitalt. Vi vil oppmode folk som er usikre på påkob...
Informasjon om pågåande utbrot i nabokommunen vår Som dei fleste har fått med seg, er det eit pågåande utbrot i nabokommunen vår. Ettersom det er same bu- og arbeidsområde er det ekstra viktig at vi ...
Hundsnesvardane er ikkje anbefalt å gå i desse dagar. Hundsnesvardane er ein populær tur å gå heile året, men per no er turen ikkje anbefalt å gå grunna ein god del is og tele i bakken. Elles vil vi ønskj...
Vanylven kommune har i dag tilbode Andreas Christian Nørve stillinga som kommunedirektør Vanylven kommune har i dag tilbode Andreas Christian Nørve stillinga som kommunedirektør. Han har vore delvis utlånt til oss frå Herøy sidan midten a...
Innspel til Marin Næringsplan Søre Sunnmøre 2021 Vanylven kommune ynskjer innspel frå innbyggjarane til vår marine næringsplan for 2021 og seinare arealplan i sjø. Hensikta med skjemaet er å legge g...
Brøytebilane kjem seg ikkje fram om gang- og sykkelvegen blir brukt til oppstilling av bossdunkar. Møre og Romsdal fylkeskommune oppmodar difor vegnaboane om å sette bossdunken på sin eigen veg. Brøytebilsjåførane kan ikkje gå ut av bilen for å fly...